Å finna ein heim

Mellom oss sagt - Stavanger Aftenblad 6. feb. 2007

Fortreffeleg debut om den kranglete vaksenvegen

Det handlar om å bli vaksen. Det handlar om kjensla av å stå att når alle andre avanserer og tilsynelatande utan problem finn sin plass i vaksenlivet. Og det handlar om den trassa og motviljen krava frå omverda kan skapa i eit menneske.

TOTALIRRITASJON: Regine Hansen, hovudpersonen i Marit Eikemos debutroman, finn seg sjølv i eit landskap der lite er som det har vore. Ho er framleis i Bergen, har flust av gamle studievener på mobilen, men veit likevel ikkje heilt kor ho skal gjera av seg. Ho har ikkje lengre eit sjølvsagt fellesskap. Vaksenlivet, med vikariat på Aetat og nye forventingar frå omverda har kome for brått på. Regine skildrar tilstanden sin som ein totalirritasjon, ho var blitt eit tvers igjennom irritert menneske. Irritasjon, maktesløyse, kjensla av å ikkje vera på høgd med situasjonen er eit gjennomgåande trekk ved Regine sitt liv. På den eine sida ligg lengten etter den oversiktelege fortida, studielivet med tilhøyrande ritual, på den andre ligg erkjenninga av at ein må vidare sjølv om det gjer vondt. Ein nøkkel er Regine si tilståing for seg sjølv: Eg har berre lyst til å høre til.

HEIMLENGT: Lengten etter ein heim oppsummerer både i bokstaveleg og overført tyding noko av den sentrale tematikken i romanen. Tittelen peikar mot eit anna hovudtema: venskap og fortrulegheit. Studentverda skapar møtestader med venskap nærast som integrert del. Når desse ytre strukturane forsvinn, kva kan ein då forventa av vener? Eikemo skildrar med skarpt blikk desse problemstillingane og den moderne vaksenungdoms dilemma: ein skal ikkje berre fylla ei ventande vaksenrolle. Først må ein skapa den rolla sjølv, setja personleg preg på tilveret; kort sagt ha ein plan. Og den bør vera både eigenarta og vellukka.

TRUVERDIG: Marit Eikemo overtyder i den skjønnlitterære debuten sin. Ho skapar samansette personar ein kan tru på. Ho skildrar situasjonar med både presisjon og humor og Regine med den varmen ein leitande og noko labil eksstudent treng.
Eigentleg har eg ikkje lyst å ta det med, men la det tilslutt vera sagt: Regine er ikkje ei norsk Bridget Jones. Til det har ho eit altfor velutvikla indre liv. Marit Eikemo sin roman treng ikkje hjelp verken frå underhaldningsindustrien eller ei eventuell Odda-bølge. Ho står støtt sjølv og romanen hennar bør lesast, særleg om du er mellom 25 og 40 ein stad.

(Sofie Braut)