Hardanger (noveller 2019)
Det unike i det lokale. I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen. Novellene i «Hardanger» handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.
Vilde Sagstad Imeland, Morgenbladet
«Hardanger er eit samanhengande novelleverk, der tekstane grip inn i kvarandre og utvidar kvarandre […] godt komponert […] Eikemo skriv lett og tilgjengeleg, men med djupn, vidd og rekkevidde. Ho lèt heile bygda vere ei scene og fangar lokale stemningar som ein ikkje kan google seg til. Ho studerer relasjonar og roller i små samfunn der alle kjenner alle – eller i alle fall trur dei gjer det. For som fleire av novellene demonstrerer på vittig vis: Det er forskjell på å kjenne og å kjenne til nokon […] Hardanger gir meg lyst til å byrje framanfrå og lese den og alle dei andre bøkene til Eikemo igjen»
Eivind Myklebust, Klassekampen
«Marit Eikemo er definitivt i øverste liga i norsk samtidslitteratur nå. […] Dette er glitrende, Eikemo.»
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad
«Alt før ho vart lansert, var fyrsteoppplaget av Marit Eikemo si novellesamling Hardanger utselt. […] Men Eikemo maktar å gjera det lokale og nære til noko allment og attkjenneleg, anten det handlar om venskap, om det å høyra til, om dei lokale kodane du må knekkja for å få innpass, om kjærleik og alle snubletrådane som ligg i eit kvart forhold.»
Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland