Marit Eikemo (f. 1971 i Odda) er forfattar og dagleg leiar av scenekunsthuset Cornerteateret i Bergen.

Ho debuterte med reportasjeboka «Her, no. Møte med unge menneske» (1999), som ho laga saman med fotografane Oddleiv Apneseth og Eirik Brekke. Den skjønnlitterære debuten kom med romanen «Mellom oss sagt» i 2006. Sida har ho gitt ut romanane «Arbeid pågår» (2009), «Samtale ventar» (2011) og «Alt inkludert» (2015). Ho har også gitt ut essaysamlinga «Samtidsruinar» (2008).

Marit Eikemo har mellom anna jobba som journalist i Bergens Tidende, redaktør av tidsskriftet Syn og Segn (saman med Hilde Sandvik), informasjonsleiar i Festpillene i Bergen, leiar av Litteratursymposiet i Odda og forlagsredaktør i Vigmostad & Bjørke. Ho har hatt ei rekke verv i ulike samanhengar, til dømes styremedlem i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, styremedlem i Cinemateket Bergen og styremedlem i Bergen kunsthall. Ho var med i det offentlege utvalet som la fram Kulturutredningen 2014 (NOU 2013:4), leia av Anne Enger.

Marit Eikemo er gift og har fire barn.