Alt inkludert

Alt inkludert, roman av Marit Eikemo

Alt inkludert, roman av Marit Eikemo

(Roman. Samlaget 2015) 

Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd – nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Sagt om boka

«Original, vittig og karikert beretning om våre karrige eksistensbetingelser. (…) Det er godt. Det er oppslukende. Det er treffende.»
(Cathrine Krøger, Dagbladet)

«Marit Eikemo utmerker seg gjennom språk, humor og empati som en viktig observatør av vår tid.»
(Leif Ekle, NRK)