Samtale ventar

(Roman. Samlaget 2011)

Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får ho ein ny sjanse i arbeidslivet: ho skal samle dialektprøvar på industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i denne vesle byen er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir snart kjend med mange. Men arbeidet er verken godt eller effektivt. Brenner greier ikkje skilje jobb og privatliv, og får stadig større problem med relasjonane på staden. Folk stiller seg meir og meir tvilande til kven ho er og kva ho driv med. Brenner fattar interesse for den sære, lokale forfattaren Sveinung Sel, og oppsøker han først for eit intervju, seinare av grunnar ho ikkje sjølv heilt forstår. Eikemo fører vidare prosjektet frå dei første to romanane sine, når ho tematiserer einsemd og lengsle etter – og ambivalens til – ein større fellesskap.

Sagt om boka

«Marit Eikemo skriver noe så sjeldent som direkte lattervekkende litteratur. Når hun i tillegg klarer å få sagt en god del klokt om livsbetingelsene i det moderne Norge, er i hvert fall jeg mer enn fornøyd.»
(Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten)

«Eikemo formidlar syrgjeleg lengt og menneskeleg grenseløyse i tette og gode dialogar. Ho har skapt ei pageturner.»
(Eskil Skjeldal, Dag og Tid)

«Forfatteren er briljant på å fremkalle pinlige og desperate stemninger.»
(Kristine Isaksen, VG)

«Det er ikke ofte jeg leser en bok og ler så tårene triller. Det gjør jeg bokstavelig talt med Marit Eikemos «Samtale ventar».»
(Cathrine Krøger, Dagbladet)