Hardanger (noveller 2019) Det unike i det lokale. I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider […]
Kategori: Romanar
Gratis og uforpliktande verdivudering
(Roman. Samlaget 2018) Hanne er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage, mens ho sjølv går på veggane i den same gamle leilegheita, med mann og to små barn. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andreas dei siste dagane før bodrunden. Mens dei går […]
Alt inkludert
(Roman. Samlaget 2015) Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og […]
Samtale ventar
(Roman. Samlaget 2011) Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får ho ein ny sjanse i arbeidslivet: ho skal samle dialektprøvar på industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i denne vesle byen er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir […]
Arbeid pågår
(Roman. Samlaget 2009) Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca for å fullføre dokoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men livet i spansk suburbia gjer han meir rastlaus enn produktiv, og borte ved bassengkanten ligg Alice, distraksjon nummer ein. Dette er ein roman om eit samfunn i økonomisk vekst og […]
Mellom oss sagt
(Roman. Samlaget 2006) Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp. Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og […]