Kva er ein god venn?

Mellom oss sagt - Bergens Tidende 6. nov. 2006

Lengselen etter å høyre til

Regine, hovudpersonen i Marit Eikemos debutroman « Mellom oss sagt«, kan dette med å vitse bort det store alvoret, kan alle triksa. Difor manøvrerer ho suverent på livets overflate. Tilsynelatande. Regine er velutdanna, urban og einsleg, men no midtvegs i livet, etter endt studietid omgitt av gode studievener, blir ho innhenta av verkelegheita. Ho og vennene lever denne utvida ungdomstida, men det byrjer å røyne på. Kameraten Jens «vil at alt dette skal opphøre», for han ønskjer å «komme til den fasen der ein snakkar om slike festar som vi var på før i tida». Men Regine vil ikkje «leggje inn årene». Sjølvsagt blir Regine sett i kontrast til søstera som er etablert med hus og barn og alt det der.

Her er vi ved kjerneproblematikken i romanen, og Eikemo har eit klokt blikk for slike både tidstypiske og eksistensielle dilemma. For grensa «mellom «ung og lovande» og «for gammal» har aldri vore så flytande som no». Etter kvart hopar det seg opp for Regine, og påskunda av forventningar hos famlie og venner, opplever ho at ho er «too much», og ho blir merksam på «kvar grensene mellom folk går». Romanen er oppteken av kor vanskeleg alt dette «mellom oss» er. Det mest interessante spørsmålet romanen tematiserer er «Kva er ein god venn». Sjølv i dei mest tragikomiske hendingane rundt Regine, greier romanen å løfte fram alvoret og Regines såre lengsel etter å høyre til. I tillegg kan vi humre over presise og kritiske observasjonar av utviklingstrekk i samfunnet. Særleg treffande er harselasen med korleis bedriftstenkinga invaderer offentlege etatar. Eikemo kan konkurrere med tv-serien Etaten i si framstilling av livet og språket i Aetat – der Regine ikkje heilt frivillig arbeider.

«Mellom oss sagt» er ein kjekk og underhaldande roman, og eg trur det er ein roman mange vil like. Men det er eit men, og det går på formspråket. Det er ein straight, realistisk roman som manglar dette «noko meir», det kunstige som kunsten er avhengig av, det underleggjorte. Og den minner litt om Brigdet Jones. Den har ikkje all verdas interesse utover sjølve lesinga. Men av og til er det kanskje nok?

(Gro Byrkjeland)