Liv på Mars?

Ein ubetydelig liten ting

For ei jente med nasering

Men mor hennar jamrar seg

Og faren ber henne gå sin veg

Ingen venner vil snakke om det

Og i draumane søkk ho ned

Frå rommet sitt ser ho alt

Åleine med skjermane

Men ho kjenner seg tung og grå

Det er ingenting nytt å sjå

Ho får lyst til å logge av

og sleppe alt maset om

 

Klanar krigar mot kvarandre

Å gud! Sjå kor dei daude går

Fantasiane rår

Har du sett politiet

fikser alle spora

Livet! Alle følgjer med på det

Sesong 1,2 og 3

Er det liv på Mars?

 

Det er problemet i by og bygd

Synnøve Solbakken går på trygd

Gud og kvarmann vil hevde seg

Kurt Nilsen har vist dei veg

Millionar av kveg i flokk

Til Lofoten og Bangkok

Ja vi elsker er berre ord

for ein klovn og ein hund og mor

Men eg kjenner meg tung og grå

Det er ingenting nytt å sjå

Eg får lyst til å logge av

Og sleppe å mase om

 

Klanar krigar mot kvarandre.

Å gud! Sjå kor dei daude går

Fantasiane rår

Har du sett politiet

fikser alle spora

Livet! Alle følgjer med på det

Sesong 1,2 og 3

Er det liv på Mars?

 

Marit Eikemo og Helge Olsens gjendikting David Bowies «Life on Mars?»   Vinnarbidraget på Littlarm/Bygdalarm i Øystese 2016.