Lyst og lett møblert

Alt inkludert - Dagsavisen 31. aug. 2015

«Gis bort» på Finn.no møter dyre danske designmøblar i ei morosam bok om familie, naboar og andre fellesskap.

Ein morgon dukkar dei opp i ein ny by, mora og dottera, utan anna flyttelass enn to koffertar med ein del ukurante klede. Dei har avtalt eit tidleg møte med utleigaren av kjellarleilegheita mora har sett på Finn.no. «Delvis møblert» stod det der, men leiligheita er fullstendig tom, og utleigar står sjølv på farten til Mexico. Første natta vert det dermed til at mor Agnes og dottera Maja søv rett oppå kleda sine rett på golvet. Dei har fått depositumet i retur sidan det var feil i annonsa, og tre månaders husleige i rabatt. Kontant, i ein konvolutt. Flaks. No har dei pengar.

Jakta på møblar startar. Gjennom annonsar på Finn.no kjem Agnes i kontakt med mange forskjellige folk, av begge kjønn og av ulik klasse, med særs ulike motivasjonar for å gi vekk eller selje tinga sine. Etter som sommaren skrir fram, blir ho og dottera dessutan betre kjende med naboane, både dei i same utleigegarden som dei sjølv, og folka i dyre, arkitektteikna hus like ved.

Heile tida spelar møblar og interiør ei viktig rolle. Ein nabo gir henne eit gammalt servise av eit merke kjennarar samlar på. Han likar det dyre danske designbordet ein annan mann har gitt henne. Nabokona byrjar å kome på besøk for å drikke vin frå ein kartong ho sjølv har plassert der. Ein mammabloggar i livskrise fortel at ein sjølvsagt må byte ut heile interiøret på barnerommet innimellom, for ikkje å stivne. Den fallerte forfattaren øvst på kvisten er allereie stivna.

Det er eit tydeleg og kanskje ikkje voldsomt avansert grep Marit Eikemo nyttar seg av idet ho let møbeljakta og møblane vere den raude tråden i forteljinga, markørar som indirekte seier mykje både om menneska som eig eller sel dei, og om tida vi lever i. Men om verkemidlet er enkelt, er det stort sett godt og effektivt utnytta. Eikemo viser fram eit forbrukarsamfunn kor nesten alle har meir enn dei treng, og kor folk, heilt i tråd med kapitalistisk forbrukarlogikk, brukar ting til å vise fram kven dei er. Sjølv om møblar og nips openbart ikkje er det som verkeleg betyr noko mellom menneska, ikkje når det røyner på. Når ekteskap eller helse skrantar, for eksempel, eller når einsemda kjem snikande. Alle veit det, utan at det hindrar folk i å drøyme om bloggbare heimar fylte av fin design eller svære vegghengte TV-ar.

Menneska i romanen er slike vi kjenner frå før, frå eigne liv eller media. Det verkar å vere Eikemo sitt poeng, å syne fram ulike kjende typar med tilhøyrande klassemarkørar, både økonomiske og kulturelle, og bryte dei mot kvarandre. Her er ingen openbare heltar, ingen som lever «betre» liv enn andre. Alle strir med sitt, på solsida som i skuggen, og alle vel meir og mindre smarte løysingar på (i-lands-) problema sine. Manglande sjølvinnsikt er rimeleg jamt fordelt, anten folk er medisinstudentar, heimeverande mødrer med god eller dårleg råd, kyrkjeorganistar, mammabloggarar eller politimenn. Eikemo dømmer ingen, men skildrar folk med stor humor, særs gjennom dialog i god flyt. Det skjer ikkje så ofte i norsk samtidslitteratur at lesaren ler. Men her skjer det.

« Alt inkludert» er dessutan ei utforsking av å vere mor, og kor grenseutslettande det kan vere å setje barn til verda. Kor symbiotisk forholdet kan kjennast, samtidig som ungen din ofte følest som ein eigen planet langt der ute. Lesaren vert heile tida driven framover av undringa på kva som kan ha skjedd, kva som gjorde at mor og dotter brått flytta, utan anna enn to koffertar. Svaret kjem overraskande, til slutt.

Språket er enkelt og rett på sak, journalistisk effektivt heller enn nyskapande kunstferdig. « Alt inkludert» analyserer samfunn, ikkje språk, og byr på gjenkjennelege typar heller enn grundig personanalyse. Resultatet er ei lettlesen og lettlikt bok, med humor i alvoret og alvor i humoren.

 

(Gerd Elin Stava Sandve)