Streit gjennomført arbeid

Arbeid pågår - Dagsavisen 28. sep. 2009

Hovudpersonen i « Arbeid pågår», Harald Strand, er ein plaga, lettare alkoholisert, middelaldrande mann. Han har aldri «gått entusiastisk gjennom livet» og knapt elska noko som helst. Faktisk er han «grenselaust lei» av litteratur, noko som sjølvsagt byr på visse problem når ein er akademikar med Ibsen som spesialfelt.

Når Strand i tillegg finn seg sjølv i arbeidseksil i «norske» Spania, skulle alt ligge til rette for eit krast og sarkastisk oppgjer med den ureflekterte seg-sjølvnok-haldninga både han og mange romanlesarande middelklassemedlemmer gjerne antek gjennomsyrar Frp-koloniane der sør.

Men Eikemo har skrive noko anna.

Rett nok er her mange og spisse stikk til det kunstige i at eit samfunn oppstår utelukkande fordi folk ønsker seg sol og varme i liva sine ­ eg-forteljaren Strand reflekterer stadig over dette at samfunnet han besøker manglar historie og kultur og samhaldskjensle som strekker seg utover eit grunt engasjement for å velje det rette kabel-TV-selskapet.

Forfattarens hovudprosjekt er likevel eit anna. Den mest «mislukka» i hennar bok, er Strand sjølv, og den arrogansen han representerer. Det meste i livet hans raknar, fort. « Arbeid pågår» kan dermed lesast inn i ein lang tradisjon av forfallsromanar, bøker som viser kor skjøre liva våre eigentleg er om ein berre pirkar litt nedi overflaten.

Og som det fungerer romanen fint. Strand er kanskje ein vandrande klisjé, men det er det jo faktisk overraskande mange akademikarar som er. Her er mykje humor og eit godt strøk ironi, ikkje utan stikk til den sjølvproklamerte norske kultur- og åndseliten. Spesielt originalt blir det aldri, men eit par timars underhaldande og velskrive selskap er «Arbeid pågår» likevel.

(Gerd Elin Sandve)