Svikne av tida

Samtale ventar - Dag og Tid 30. sep. 2011

Marit Eikemo slepper gråten ut i små porsjonar og skaper eit driv som slår meg knockout.

Leiaren for litteratursymposiet i Odda, sjangerkunstnaren Marit Eikemo, har med Samtale ventar skrive sin tredje roman. Også den krinsar kring den isolerte outsideren. Eks-journalisten Elisabeth Brenner har gått på ein smell og er på attføring i NAV.

Gjennom eit forskingsprosjekt om språkendringar i fem norske industrikommunar får ho arbeid: Ho skal kartleggje dialektane i kommunen Einvik medan etterkomarane av innflyttarane framleis er i live. Ho tek inn på ein brakkeby på den vesle staden og viklar seg gradvis inn i ulukkelege relasjonar.

Problemet er at oppdraget hennar handlar om nærleik og tillit. For å få samla inn den naudsynte informasjonen, må ho vere ein slags forløysar: Ho må få informantane i tale. I kraft av oppdraget som samlar, får ho raskt ei viktig rolle. Innbyggjarane må opne seg, slik at dei avdekkjer den eigentlege dialekten sin. Men dette vert problematisk, for kor går grensa mellom jobb og privatliv, når innhaldet i det dei faktisk fortel (draumar, kriser, liva deira), etter kvart får meir merksemd enn sjølve dialektforma? Ettersom tida går, ser Elisabeth at objekta for forskinga vert til eineståande subjekt, og ei snikande kjensle av moralsk ansvar sig innover henne. Ho kjem i nær kontakt med ulike lagnader, og ein avgrunn opnar seg.

Skarpt blikk

Eikemo har eit skarpt blikk for dei som fell utanfor, ho teiknar menneskeleg skuld, skam og lengt på ein utruleg dristig og mørk måte. Ved å framstille Einvik-innbyggjarane som levande samtidsruinar syner Eikemo desse menneska som vitne om ei tid då verftsindustrien gav meining og retning. No er jobbane borte, og staden har gått i meiningslaus kvilemodus.

Litterær jakt

I jakta på dialektane får Elisabeth tak i gamle opptak, røyster som ikkje lenger finst. Slik kan Eikemo drive ei litterær jakt på noko som alltid er tapt: Den diakrone og ustoppelege utviklinga av talemåtar i nådelaus utvikling vert eit bilete på ei fortid som er omme. Som elva som aldri er den same elva, men berre renn og renn. Å vere dialektforskar er ei retrospektiv øving. Eikemo syner ein person som må takle det å grave i ei fortid som alltid er forbi, som spor som er viska ut i sanden.

Skikkeleg misantrop

Dette er ei bok der forfattaren skånsellaust dissekerer nærleiken mellom menneske og syner kor vanskeleg intimitet er. Hovudpersonen responderer på veikskap, både eigen og andres, med forakt. Ho er ein skikkeleg misantrop. Men Elisabeth ser sitt eige problem: Ho meiner sjølv at det er noko gale med henne, at ho har for mange låste dører. Sjølv dei som likar henne, foraktar ho: Ho veit at ho ikkje er verd å like. Dermed forgiftar ho alle spede forsøk på venskap og kjærleik.

For Elisabeth ber på ei stor sorg. Eikemo slepper gråten ut i små porsjonar og skaper eit driv som slår meg knockout. Sjølvforakta stengjer Elisabeth ute frå nærleiken, og alle forsøk på intimitet endar øydelagt. I møte med menneska i bygda syner ho ein sårleik som verkar forførande på mange menn. Og ho lèt seg rive med, men trekkjer seg alltid, til slutt: «Eg hadde alltid søkt mot det lyssky, det som bare kunne delast mellom to. Ekte intimitet hadde bare oppstått i løynde rom. Straks andre fekk sjå, observere og tolke, hadde det som var stort blitt lite. Det hadde forsvunne og blitt borte.»

Pageturner

Eikemo formidlar syrgjeleg lengt og menneskeleg grenseløyse i tette og gode dialogar. Ho har skapt ein pageturner. Boka er ei sår skildring om to parallelle historier, om ein forlaten tettstad og ei sorgtung kvinne. Eikemo maktar å vikle kvinna og staden saman til ei historie. Både kvinnekroppen og tettstaden er etterlatne, svikne av tida. Dei står att, tomme og utan røyndom, som ein utdøydd dialekt.

Eikemo formidlar syrgjeleg lengt og menneskeleg grenseløyse i tette og gode dialogar. Ho har skapt ei pageturner.

(Eskil Skjeldal)