Syden for vidarekomne frå Marit Eikemo

Arbeid pågår - Stavanger Aftenblad 29. okt 2009

Forfattar som både risikerer og innfrir.

HARALD STRAND HAR berre eitt ærend på Costa Blanca. Han skal fullføra doktorgradsavhandlinga si, og har «teke nokre grep» for å koma ut av heimlege skrivesperrer: han tek med seg Ibsen til syden. I sydens parodispekka omgjevnader er han passe framandgjort og uinvolvert: etter alle solemerker optimale arbeidsforhold. Men Haralds sydengrep vert starten på ei nedstiging i ymse personlege og samfunnsmessige sjakter som skal visa seg å tilby få
rettrettmoglegheiter.

Marit Eikemos skjønnlitterære debut for eit par år sidan gav lovnader om eit interessant forfattarskap, og når andreromanen no ligg føre, er hennar kvalitetar som romanforfattar heilt oppe i dagen. Ho har foredla stilen sin:
lagt inn ein dystrare og djupare klangbotn, bevart presisjonen som observatør og lagt an ein breiare orientert samfunnsanalyse all over. Attpåtil tek ho vare på humoren, den velsigna komplekse humoren som spenner frå små ironiske skråblikk til tragikomiske openberringar av det meir fundamentale slaget.

HARALD STRANDS LIV i Syden vert på eine sida ein kommentar til vår moderne modus vivendi: ein jaktar på eit livsprosjekt men kjenner samstundes motvilje mot verkeleg å måtta investera i det. Trass ønske om å distansera seg kan ein like fullt enda opp med å drikka av det same skitne vatnet som alle andre. På den andre sida skaper alle ibsenreferansane eit meir eksplisitt litterært rom som frigjer teksten frå ei lammande, einsidig pliktdriven samfunnskommentatorrolle, sjølv om også denne litteraturen krev at problema vert sette under debatt.

I DENNE ROMANEN hiv Marit Eikemo såpass mykje i potten at ho står att med eit sjeldan armslag. Her vert plass til samfunnssatire men også medkjensle med den som må innsjå alt livsløgna forduftar. Eikemo speler ut tallause
kontrastar men unngår elegant platt parasollkomikk og fattig farse langs Frp-VG-aksen. I staden bruker ho armslaget sitt til å drøfta mellom anna akademikaren, einsemd og avmakt, det moderne Noreg og den uforståelege men alltid nærverande og fråverande kjærleiken, eller kva ein no vel å kalla det. Og rommet ho skaper gjev òg plass til lesaren, for Eikemo stenger seg slett ikkje inne, men slår opp dørene og byd opp både til debatt og engasjement. Ein veit at å laga ein slik roman kostar slit og strev og tenners gnissel. Men alle slike spor er viska ut i det romanen når oss. Alt
som er verkeleg, verkeleg vanskeleg har det til felles når det er utført av ei dyktig hand: det ser lett ut. Så også med denne romanen.

(Sofie Braut)