Ventar på livet

Samtale ventar - Sunnmørsposten 12. des. 2011

Elisabeth Brenner var journalist i farta.

No ventar ho. Utan at ho veit kva ho ventar på.

Ho møtte veggen og er på attføring. Å reise til ei bygd å samle inn dialektprøver, skulle passe bra, meiner NAV. Men Elisabeth Brenner kjem ikkje skikkeleg i gang. Ho følgjer sine gamle vener, dei «vellukka» på facebook. Ho følgjer med på nye bekjentskap i den nye bygda ho kjem til. Men ho følgjer ikkje med i sitt eige liv. Ho ramlar og dett, feigar ut, skuggar unna. Ventar. Ho sullar rundt og fell djupare og djupare. Om slutten med endå nokre nye bekjentskap er løysinga og berginga for Elisabeth, eller om det berre er nye fjes og nye sjansar til å mislykkast i dette med fellesskap, er ikkje lett å vite. Det berre held i gang tankane forfattaren har sett i gang hos meg.

Marit Eikemo skriv bittert og humoristisk. Det er trist og rart samtidig. Og det er god lesing.

(Torill Myren)